Av Vilhelm Viksøy
– Både tala frå undersøkinga og mykje av det andre som kom fram under Lev livet-konferansen, gir oss eit klårt signal om hovudsporet vi må følgje. Det handlar kort og godt om å bevisstgjera foreldregenerasjonen, seier generalsekretær Erik Furnes.
Måten å gjera dette på er å hjelpa dei til å sjå moglegheiter, meir enn å leggja meir ansvar på skuldrane.
– Eg trur mange i dag prøver å avskriva foreldra sin posisjon og rolle fordi det er så mykje anna som påverkar. Eit samfunn som legg til rette for barnehagar, SFO og eit løp der tidsbruken vert stadig meir pressa, gjer det ikkje enklare. Her håpar eg vi som organisasjon kan leggja til rette for å løfta fram foreldra sitt frimod til å vera foreldre, seier Furnes.
Sovepute
Basert på erfaringa både som barne- og ungdomsarbeidar og som forelder, veit han kor lett det er å tenkja at det barna får med seg frå bedehuset, er nok.
– Men eg er redd dette kan bli ei falsk sovepute. Ingenting kan erstatte den nære og fortrulege samtalen, så foreldra og heimen må på banen i større grad, seier Furnes.
– Difor håper eg at vi som organisasjon kan leggja til rette for gode verktøy slik at me kan spela på lag med foreldra på ein aktiv måte, seier han.
Modellere
Nokre av dei konkrete tiltaka handlar om å laga gode undervisningsopplegg til bruk for lag, foreiningar og familie. Dessutan må det i større grad bli eit tema korleis ImF som organisasjon modellerer desse tinga.
– Korleis vert desse tankane reflektert i opplegget kring for eksempel Lyngdal Bibelcamp? Tenkjer vi heim og familie her, eller lagar vi separate opplegg? Vi er nøydd for å modellere og leggja til rette på våre eigne arenaer, seier Furnes, som også trekkjer fram kontakten med D6-miljøet i USA som ein nøkkel.
– Velviljen me møter hos desse, gir oss store moglegheiter til å henta god kunnskap og ressursar i åra som kjem.
Om det betyr fleire Lev livet-konferansar, er for tidleg å sei.
– Tilbakemeldingane har vore svært gode, men her var me mange aktørar saman, så det er ikkje opp til oss å avgjera aleine, seier Erik Furnes.
Hva nå, ImF?
Nettmøte
På sambåndet.no
6. november kl 21.00
Gen.sekr Erik Furnes sitter klar til å svare på dine spørsmål om Jesus i hjemmet
Du kan også sende inn dine spørsmål i forkant.
Følg med på sambåndet.no