Klokka er 1738
Det er åtte minuttar sidan klubben eigentleg skulle starta. I stova boltrar tre ungar rundt i ivrig leik, på kjøkenet og ute i gongen spring to foreldre for å få alt under kontroll.
– Det er alltid litt kaos sånn i starten, seier Anja Ulveseth Heggen og skvetter i litt kaffi.
– Har vi kortet til Tobias, ropar ho etter mannen Steinar.
Han har kontroll og kortet er allereie pynta kortet med dagens hjerte-klistermerke med bokstav på toppen.
– Det er tynt med fiskar i våre dagar, seier han.
Ulveklubben
Frå hausten 2013 har ekteparet Heggen annakvar veke invitert borna i nabolaget heim til Ulveklubben.
– Men kvifor heim?
– Latskap, kjem det kjapt med eit lurt flir frå Steinar. For det har sine fordelar å sleppa turen ned på bedehuset, slå på varmen, rigga til i god tid – og rydda opp etterpå. Då er det enklare i eiga stove. Den skal jo ryddast for kvelden uansett.
– Men det er like mykje om eit ynskje om at heimen vår skal vera ein open heim der folk kjem innom når som helst. Da er det like greitt å starta mens borna er små, seier han.
Jarle Waldemar har dukka opp på tv-skjermen
På golvet framfor sit fire forventningsfulle born og syng med på «om jeg er liten eller stor». Bak tv-en heng tøystykke med sol og skyer, og på golvet ligg teppet som snart skal bli til sjø. Når stormen herjar Genesaretsjøen får den hjelp av ivrige barnehender som lagar vind og bølgjer.
– Disiplane måtte ropa på Jesus då dei vart redde. Det kan me og gjera når det er noko me er litt redde for, fortel Anja mens ho blar i bildeboka framfor borna.
– Kan me ikkje laga meir storm, spør ein av ungane. Snart, får dei melding om. Fyrst skal dei berre lesa litt meir, syngja litt og så er det ny storm – før Anja stormar til kjøkkenet og kuttar agurk mens Steinar samlar troppane kring spisebordet for å kutta papir.
– Eg vil lage ein stol i båten som Jesus kan sitja på, seier Anna Elisabeth. Ho er alt godt i gong med dagens prosjekt; papirbåt på papirhav, med handklipte fisk og bommulsbølger.
– Eg treng superlimen, og penn, seier Herdis og nappar pennen frå veslebroren.
– Ein om gongen, og ikkje klypp for mange fingrar, seier Steinar som held styr på båtar, born og hav etter beste evne.
– Ferdig!
– Så flott det vart, og det passa fint, seier Anja. – For no er det tid for kveldsmat.
Klokka har blitt 1840, og eigentleg er det slutt om 5 minutt.
– Kvart på skal folk kunna gå, så me ligg litt etter skjema i dag. Men dei må gjerne bli lengre – og det skjer stort sett alltid, seier Anja.
Som i dag. Både foreldre og born har god tid i stova på Ulveseth.
– Det er koseleg å vera her, meir uformelt enn på eit bedehus, seier Nina Nordvik.
– Det er god leik, og så fortel dei historier på ein naturleg måte, skryt ho, før ho vinkar av.
Tilbake sit Anja og Steinar – og ei passe ryddig stove.
– Det var heilt grusomt å koma i gong. Kjempeskummelt rett og slett, seier Anja, og fortel om kampen då dei skulle leggja 200 lappar i postkassane.
– Kva vil folk tenkja, og kjem det nokon, var spørsmåla eg sloss med. Men no når me er i gong, går det bra, seier ho, og fortel om mange positive og begeistra folk på bygda. Det har og vore eitt av måla; å skapa relasjon til dei vaksne i bygda.
Framleis er det god plass på andaktsteppet, men det stressar dei ikkje.
– Dette har uansett verdi for våre eigne born. Så får me sjå kva som skjer etter kvart, seier Steinar.
– Ja, me har sagt at me gjer dette, så får resten bli eit trusprosjekt, seier Anja.
– Og har de nokre tips til andre?
– Ikkje vent til frykta forsvinn og ikkje vent til det passar litt betre. Berre start, seier Anja.
– Og så må du tåle litt rot – og at andre ser litt rot, seier Steinar.

[box type=»info» border=»full»]Ulveklubben
Hvem: Nabolagsklubb for born frå 3-7 år
Hva: 3-11 deltakarar, så langt
Hvor: Heime i stova på Ulveseth
Når: Innmeldt ImF-ung 27. aug 2013[/box]
2 kommentarer.
[…] Les meir om klubben på http://www.imf-ung.no/ulvar-i-heimen/ […]
[…] Ta turen innom Ulveklubben dersom du er i nærheten, og tips gjerne andre foreldre om klubben. Les gjerne også om Ulveklubben i en artikkel i Sambåndet fra mars 2014: http://www.imf-ung.no/ulvar-i-heimen/ […]