Skrevet av: Ingebjørg Espevik
3. oktober reiste vi frå Svortland , via Riga, til Israel.
Då me landa i Tel Aviv, Israel, vart me møtt av guiden vår Eva. Ei flott dame som fortalte levende og engasjerande om historia til Israel. Eva følgde oss i vår faste buss på første del av turen.
Tiberias
Vel framme i Tiberias, vårt fyste mål, var det godt å sjekka inn på hotellet etter ei lang reis. Først besøkte me «Søndags-skulesjøen». Me var på båttur på Genesaretsjøen, fiska men fekk ikkje fisk, så Petersfisken til lunsj måtte me kjøpa. Me gjekk på stiar som Jesus gjekk på for 2000 år sidan, frå Saligprisens berg og ned til Genesaretsjøen der brødunderet skjedde. Me fekk besøkja Kapernaum og synagogen der Jesus reiv ned salsbodene. Dagen vart avslutta på Golanhøgdene med spennande krigshistorie, dagens høgdepunkt for ungdommane var stopp ved tanksar og israelske soldatar.
Buss og bading
Dag 3 kjørte me langs Jordanelva, og dagens høgdepunkt var bading i ein nydelig oase med varme kjelder. Me hadde òg stopp ved Jesu døypestad og Jeriko, Israels eldste by som i dag er under Palestinsk styre. Siste stopp for dagen var ved Klagemuren før me sjekka inn på hotell «Jerusalem Gate»
Jerusalem
Dag 3-6 utforska me Jerusalem med ny guide, Ronny. Han var levande opptatt av Israels historie og kunne utrulig mykje. Der var det mykje å få med seg av bibelhistorie, frå både gamal- og nytestamentleg tid. Seinare fekk me tid til handling og pruting i Gamlebyen, kven klarte å få rimelegaste beduinskjerf?
Nattverdstund i Gravhagen
Me fekk oppleva ei flott nattverdstund i Gravhagen. Ein tur i Davids by var nok eit av dei mange høgdepunkta frå Jerusalem; der vandra me gjennom ein 500 m bekmørk vanntunnel, lik den David invaderte Jerusalem med.
Dødehavet og kamelriding i ørkenen
Dag 7 kjørte me ned til Dødehavet for gjørmesmøring og bading. Det var ei fantastisk oppleving å liggja slik å flyta i sjøen. Neste stopp var Massada, utrulig å sjå kor siviliserte Romerane var for 2000 år sidan. Natta skulle tilbringast i Beduinleir, og med beduinklede og skjerf var me klar for kamelriding i ørkenen. Det var ein uforgløymeleg tur i solnedgang.
«Namnet Jesus»
Om kvelden vart det flott lovsong vart det rundt leirbålet i lag med Grimstad bibelskule, som me tilfeldig trefte der. Kristoffer Aase hadde med ukulelen sin, den var flittig i bruk på samlingane om kveldane. Flott å sjå ungdommane syngja «Namnet Jesus» for full hals!
Avslapping i Eilat
Dei siste dagane var me i Eilat ved Rødehavet, heilt sør i Israel. Her var det fantastisk fint i sjøen og mange flotte fiskar og korallar. Det var godt med litt avslapping på slutten av turen for å la alle opplevingar synka inn. Me hadde ein fantastisk tur ilag med fantastiske ungdommar, ungdommar som har fått Israel kjær.
Shalom!
Helsing frå Ingebjørg Espevik