Av Petter Olsen

Mykje «general» her, altså. «Generalvedlikehald» seier ein del om omfanget.
Prosjektet har ei ramme på 20 millionar kroner. Det er særlig røyrsystemet som treng oppgradering, og hyblane skal fornyast, for å nemna noko.

Finansieringa
Prosjektet skal finansierast mellom anna ved sal av bibelskulebustadane (9 millionar), og det er budsjettert med 4,4 millionar i gåveinntekter.

På Arbeidarfesten for ImF i januar møttest IT-leiar Øyvind Angelskår i ImF og administrasjonsleiar Kenneth Hjortland i Bergens Indremisjon til kamp i ordspelet Wordfeud. Den som tapte, skulle sykla til generalforsamlinga.

Erik Furnes la til at dersom den sigrande poengsummen var over eit bestemt nivå, skulle han også sykla. Konkurransen enda med tap for Angelskår, og poengsummen til Hjortland vart stor nok. Dermed kunne deltakarane på Arbeidarfesten skriva seg opp for ei gåve på 500 kroner til Bibelskulen. Gåva kjem til utbetaling dersom generalsekretæren og IT-leiaren kjem fram til Lyngdal på to hjul.

500 kilometer
Avhengig av traséval kan turen bli på opptil 500 kilometer. På grunn av alle tunnelane er det lite aktuelt å fylgja E 39 (om lag 385 kilometer). Generalsekretæren ser uforskamma roleg ut tre månader før: – Eg skal bli klar, seier ein stødig Furnes til Sambåndet.

Fire dagar på sykkelsetet
Han tenkjer å bruka fire dagar på turen, med 11. juli som truleg startdato. Noko utstyrshysteri legg generalsekretæren så visst ikkje opp til: – Eg har sagt at eg ynskjer meg sykkelbukse til fødselsdagen i mai, men elles tenkjer eg å bruka den sykkelen eg har, seier Furnes. Tohjulingen vart kjøpt inn på Coop for ei snau tusenlapp for ein del år sidan. -Sykkelen treng nokre reparasjonar, mellom anna er den punktert, vedgår Erik Furnes.

Gåve til vedlikehaldet
Og hensikta med syklinga er altså ikkje først og fremst mosjonen, men at fleira skal hengja seg på gåveaksjonen for vedlikehaldsprosjektet på Bibelskulen. Sambåndet kjem tilbake, både i bladet og på nettsidene, med opplysningar om korleis dette kan gjerast – og om korleis ein kan følgja Erik Furnes på turen.