Av: Magnus Hatløy

Morgonstund har fått nytt gull i munn på Bildøy Bibelskole.
Flunka nytt treningssenter er klart til bruk! 

Det yrar av liv i «Treningssenteret Samson», på ein heilt vanleg onsdags morgon. Studentar og tilsette brukar det flittig, både før, under og etter skuletid. I dag er det KRIK-studentar som prøvar ut det nye treningsromet.

– Dette er heilt fantastisk! Seier KRIK-student, Roland Tvedt. – Her kan me trena så mykje me berre vil, med skikkeleg proft utstyr! Men det vert ikkje til av seg sjølv…

Historia bak
For nokre år sidan var elevtalet noko lågt her på Bildøy. Men no har me hatt fire gode år – noko skulestyret veit å setje pris på. Difor vart det gitt økonomisk handlingsrom til utvikling av bygningsmassen. Då valde me som skule å prioritere treningssenter i kjellaren.

Pompel og Pilt – og fleire til!
Å bygge treningssenterlokale krev sin mann, eller vaktmeister, om ein kan seie det slik. Pompel og Pilt har jobba iherdig i vekesvis. Eigentleg heiter dei Øyvind Tjervåg og Sondre Egeland, men populært vert dei stundom kalla Pompel og Pilt grunna deira tette og gode samarbeid. Tidlegare vaktmeister Reidar Kausland har og vore til uvurderleg hjelp, hovudsakleg til sparkling og måling av veggar. Elles har kroppsøvingslærar Trond Tyssøy vore sentral i prosessen, både som pådrivar for å få dette i gang og i forhold til vurdering av kva treningsapparat som vil gjere romet så bra at me kan kalle det eit treningssenter – ikkje berre eit treningsrom.

Framtidig rekruttering?
– Dette gjer vi ikke bare for idrettslinjen vår, KRIK, men også for studentflokken generelt, seier pådrivar Trond Tyssøy. – Dagens ungdom er glade i å trene, så jeg er sikker på at 100 kvadratmeter treningsrom vil være med på å rekruttere studenter! – Treningsrom er virkelig et kjempepluss! seier Hanna Knutsen. – Jeg tror at dette kan være med på å avgjøre at folk kommer til nettopp Bildøy. Jeg vet at mange ønsker å trene, også folk på andre linjer enn KRIK, seier Åse Karin Handeland. Begge gler seg over at dei skal gå på andreårslinja T2 og dermed får trene her i undervisningsvekene.

Ei sunn sjel i ein sunn lekam
Treninga er i full gang. No manglar det berre litt utsmykking, så er alt på plass. Då skal Guds ord opp på veggen – og minne oss om kva som er det viktigaste. Kanskje vert det frå 1. Tim 4,8: «For kroppslig øving er nyttig til noe, men gudsfrykt er nyttig til alt. Til den er det knyttet et løfte både for dette livet og for det som kommer» eller frå Salme 118: «Herren er mi kraft og min styrke».

Ta ein tur innom, så får du sjå!

Eller klikk her – så kan du se bilder