Tekst: Vilhelm Viksøy

– Det har vore fantastisk kjekt.
Eit høgdepunkt av dei sjeldne, seier Svein Bjarne Aase, dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden. 

Godt utlada ser han tilbake på ei årsmøtehelg full av liv og innhald.
Frå starten med Sommerkveld fredag der Terje Forsberg får ståande applaus, via solide bibeltimar, stormøte, eige program for born og unge heile helga, vennekamp og familiefest med Jarle Waldemar før festmøte og storfamiliesamling avsluttar helga sundag. Spekteret er stort når dei skal byggja den gode stemneopplevinga.

 – Det er klart me brukar enormt med ressursar på dette, både i kroner og arbeidsinnsats, seier Svein Bjarne.

Ei festreis
Men det skal vera slik, for årsmøta i Samskipnaden er ikkje berre for dei spesielt interesserte. Det har til alle tider vore ei festreis for heile misjonsfolket, ei samling som har skapt glød og visjon for arbeidet. Frå gamle dagar vert det fortalt at då ungjentene skulle tinga arbeid på gardane, var det berre eitt krav dei stilte: fri frå arbeid i årsmøtehelga. 

Svein Bjarne hugsar ennå sitt første årsmøte for eigen del; på Tysnes i 1981, det året han skulle starta som eitt-åring i misjonen.

– Det var jo så enormt med folk, minnes han.
Det gamle Forbundsteltet var heilt fullt, men likevel var det ikkje plass til alle så i kyrkja vart det arrangert møter parallelt. Men ikkje berre folket gjorde inntrykk. Også preika til Jan Gossner sit spikra: Land, land, land høyr Herrens ord. Eller då Helge Melum var talar i Øystese året etter og preika om profeten Jesaja si kallsoppleving.

– Han stod på talarstolen og flaksa med armane, meir og meir utover i talen. Eg veit at det var nokre i salen som fekk misjonskallet under dette årsmøtet, seier Aase, som peikar på det visjonære som ei viktig side ved årsmøtet.

– Det var på årsmøtet mykje av synene og strategiane for arbeidet vart forma. 

Framleis står stemnetanken sentralt når Samskipnaden kallar saman til storsamling, men der programmet i tidligare tider handla om møter, så er innhaldet i dag meir mangfaldig.

– Det er eit veldig stort spenn i det som skjer, seier Svein Bjarne. Og førebuingane vert ikkje gjort på en kveld.

Heile våren
– Eg går vel og tenkjer årsmøte stort sett heile våren. Det er ein lang prosess når me skal få på plass alle dei gode tinga som skal gje både heilskap og breidde, seier han. Men han er ikkje ein augneblink i tvil om at det er verd prisen. – Det har vore godt med folk heile helga, og på dei mest besøkte samlingane var me over 700. Tel me opp, så vert eg ikkje forundra om det er 1500 ulike menneske innom denne helga.

Og vil du vita meir om livet på Sommarens storsamling?
Årets stemne vart grundig dekka i dei sosiale medier – slik det høver seg eit storstemne av i dag. Sjå facebook.com/Indremisjonssamskipnaden