Av Terje Slettebø

Åse Bente Høivik Nielsen på Nærbø ynskjer å starte innsamling til Bibelskulen på Bildøy. Ho gjer dette i takknemlegheit til skulen der sonen Tor Ådne fekk hjelp til å koma ut av sitt stoffmisbruk, kom til tru på Jesus og fekk eit heilt nytt liv.

Det er eit sterk vitnemål om forbøn, kjærleik frå Gud og menneske Tor Ådne Nielsen (21) frå Nærbø kan fortelja når han fortel om sin veg frå stoffmisbruker til eit nytt liv. I dag vitnar han om eit liv fylt av Gud og hans kjærleik. At han får leva i at Guds nåde er ny kvar dag.

– Eg har innsett at eg er ein syndar som trenger Jesus kvar dag. Nå har eg fått andre verdiar og interesser i livet. Det som før var viktig betyr ikkje noko lenger, nå har eg fått ein ny livstil som kristen, fortel Tor Ådne på ein stille og overbevisande måtte.

Gje tilbake 
No vil Åse Bente og mannen Kjell Aage gjerne gje noko tilbake til Bibelskulen på Bildøy i takknemlegheit over kva skulen har betydd for sonen. Dei les i Sambåndet tidlegare i vår om dei økonomiske utfordringane som skulen har, i samband med oppussing og vedlikehald, og bestemte seg for at dette må vi gjera noko med. Dei vil nå gje kr. 3000 til Bibelskulen i år og dei neste 4 åra.

– Bibelskulen på Bildøy er ein skule kristen-Norge vil ha. Vi må stå samla om å støtta opp om økonomien og eg utfordrar både foreiningar og einskildpersonar til å setja av 15.000 til Bildøy dei neste 5 åra. Folk kan sjølv velja om ein vil gje dette i eit eingongsbeløp, eller dele det opp i år og månader, seier ei ivrig Åse Bente Høyvik Nielsen. Og ho oppfordrar folk til å ta kontakt med Bibelskulen så fort som mogleg for å få registrert sin støtte til aksjonen.

– Eg er veldig takksam til Bibelskulen på Bildøy og eg vil gleda meg stort over alle som tek denne opp fordringa på alvor og slik støttar opp om skulen, seier ei takksam mor.

Dobbeltliv 
Vi skal ikkje gå meir enn tre år tilbake før situasjonen var ein heilt annan for familien Nielsen på Nærbø. Sommaren 2010 er livet til Tor Ådne blitt svært vanskeleg. Han levde eit dobbelt-liv. Eit heima hjå foreldra og på arbeidsplassen der han gjekk i lære som tømrar. Eit anna liv og ei anna maske når han var ute med vennene. Livet var anspent og fult av stress.

– Eg prøvde hasj då eg gjekk på ungdomsskulen, og så byrja eg å trena mykje, trening vart ein livsstil, og det handla mykje om å få status. Det vart bruk av ulovlege preparantar som anabole steroidar og tablettar. Dette saman med bruk av forskjellige narkotiske middel førte til at livet gjekk rask nedover. Eg vart ustabil, dyster, sint, deprimert, fekk angst og veldig egoistisk, fortel Tor Ådne.

– Sjølvbiletet vart stadig dårlegare, eg brukte narkotika for å få hjelp mot dei psykiske problema. Eg vart paranoid og kunne ikkje vera saman med folk i store samanhengar.

Omfattande rusproblem
Åse Bente fortel om ei vanskeleg tid. Tor Ådne klarte å skjula bruken av narkotika i 3-4 år for foreldra. Vi skjøna at noko var gale og var bekymra. – Ei helg var Tor Ådne borte heile helga og kom ikkje heim før på søndagskvelden. Då fekk eg kontakt med han og fekk lov til å koma og henta han. I bilen fortalde han at han var langt nede og tenkte på å ta sitt eige liv. Dette gjentok han fleire gonger heime også, og vi måtte passa på han heile tida. Det enda med at han vart innlagt på psykiatrisk avdeling på sjukehuset. Der vart det avdekka at Tor Ådne hadde eit omfattande rusproblem, fortel Åse Bente.

Mykje bøn 
Første veka etter denne avsløringa ville ikkje Tor Ådne bu heima, men etter ei tid flytta han heim og var heime stykkevis og delt – han sov og var vekke fleir døgn før han kom heim igjen. Ein dag gjekk Åse Bente ned på rommet til sonen og spurte om han verkeleg ville øydeleggja livet på dette. Svaret ho fekk var vondt og brutalt; «Satan har skreve melding på veggen til meg.» Ho spurte om lov til å be for han der på rommet, men det fekk ho ikkje. Det vart mykje bøn i denne tida. Familien sendte melding til mange og bad om forbøn. Dei hadde bønnemøte i stova (når dei ikkje fekk be på rommet til Tor Ådne) Dei bad om at Satan måtte gå, at Tor Ådne måtte bli rusfri og at han måtte bli kristen.

Tor Ådne har i ettertid fortalt at etter bønnemøte i stova blei Satan borte.

Vendepunktet
Det er inn i denne situasjonen at ein kamerat av Tor Ådne ringer og vil ha han med eit år på Bibelskulen på Bildøy. Første reaksjonen var at dette var absolutt ikkje aktuelt for han. Han var motstandar av alt kristeleg arbeid. Men på denne tida var han så nedbroten at etter ei veke med telefoner og SMS frå kameraten, sa han ja til å begynna på Bildøy. Nå var det sommar og ferietid, familien Nielsen hadde planlagt ei ferieveke i Bulgaria, og Tor Ådne skulle vera med. Kvelden før dei skulle reisa drog han ut på fest. Mora fekk henta han heim etter ein time, og dagen etter drog han i lag med familien til Bulgaria. Han hadde ikkje med seg stoff, og dei klarte å skjerma han medan dei var på feireopphaldet slik at han ikkje vart freista til å kjøpa narkotika.

Rusfr 
– Korleis var denne ferieturen, Tor Ådne?
– Det eg huskar er at eg låg med krampar og abstinens! Men frå og med denne ferieturen starta eit nytt liv, og det er eg veldig glad for, seier han stille. Tilbake frå ferieturen var det viktig å skjerma Tor Ådne frå kameratane og miljøet på Nærbø. Han flytta inn til besteforeldra i Ryfylke. Samtidig tok Åse Bente kontakt med Bibelskulen på Bildøy og spurte om det var mogleg at Tor Ådne kunne få begynna der. – Vi spela med opne kort om korleis situasjonen for Tor Ådne var, tenkte i vårt stille at evangeliesenteret var meir aktuelt enn Bibelskulen på Bildøy, men han fekk plass på Bildøy, noko som var svært raust av Bildøy og som er eg veldig takknemleg for, seier Åse Bente.

Kjærleik og omsorg 
Første tida på Bibelskulen var tøff for Tor Ådne, Han kjente på freistinga til å venda tilbake til stoffmisbruket, samtidig vart han møtt av varme, omsorg og kjærleik på skulen, og dette gjorde noko med han. Han vart fylt med noko nytt. Han fekk ein ny start, ein ny identitet. Han ba mykje om å bli kvitt suget etter narkotika i denne tida. Ein prosess starta, det var vanskeleg for Tor Ådne og tru på noko han ikkje kunne sjå konkret. Han ville ikkje tru på noko som ikkje var sant. Han prøvde Gud og Bibelen, bad mykje og fekk bønnesvar. Han bad konkret om at Gud måtte ta bort hans harde hjarta av stein og gje han eit nytt hjarta av kjøtt og blod med følelsar. Han møtte Guds kjærleik, vart født på nytt, og fekk ein ro og fred som han ikkje hådde hatt før.

To år på Bildøy 
Første året gjekk Tor Ådne på Film og TV linja på Bildøy. Då skuleåret var over fekk han lyst til å ta eit år til på Bibelskulen. Andre året gjekk han på Disippel. Denne vinteren går Tor Ådne på Nordborg vidaregåande skule på Finnsnes. Der likar han seg også godt og har mellom anna vore med og starta opp KRIK-lag. Det var godt for foreldra å merka at Tor Ådne trivast på Bildøy. Dei merka at han hadde det godt. Dei kan ikkje få fulltakka skulen for måten dei tok imot Tor Ådne på. – Gjennom tida på Bildøy fekk han eit nytt liv, våre tre bønne-emnar vart oppfylt, Bibelskulen på Bildøy vil alltid bety noko spesielt for oss, seier ei rørt og takknmeleg mor.

Nå håpar ho inderleg at dette initiativet kan tilføra skulen mykje økonomiske midlar. Tor Ådne er einige.

– Kan mi» historie» føre til noko positivt for Bildøy er det veldig fint. Eg er eit konkret eksempel på kva eit år på skulen kan bety. Gud betyr alt for meg no. Det håper eg andre også må få oppleva gjennom eit år på Bildøy. Vi trenger ein god og opprusta skule, så støtt skulen økonomisk, understrekar mor og son i lag.

STARTAR INNSAMLING: Åse Bente er svært takknemleg for alt Bibelskulen på Bildøy gjorde for son sin Tor Ådne.
FOTO: TERJE SLETTEBØ