p-arne-opsahl-engen-fotoVV
Skuleprest ved Framnes KVGS, Arne Opsahl-Engen

Av David Pletten Aasgard – Sambåndet

Indremisjonsforbundet (ImF) driv vidaregåande skuler, folkehøgskular og ein bibelskule. Fellesnemnaren er at dei samlar inn pengar til eit misjonsprosjekt. Totalt samla ImF-skulane i 2013 inn 3,6 millionar kr, der Framnes KVGS i Norheimsund stod for over ein tredel av pengane, med 1,3 millionar. (Les mer om Framnes her

Ansvarleggjerast

– Det starta så smått med misjonsprosjekt i 2004. Me ønskte at elevane skulle ansvarleggjerast med tanke på dei som har mindre enn oss. Det er viktig å læra å gje, allereie i ung alder, derfor er det viktig for Framnes å ha eit misjonsprosjekt. Elevane lærer seg å gje av seg sjølv. Det gjeld pengar, men òg tid, til Guds rike, seier skuleprest ved Framnes KVGS, Arne Opsahl-Engen til Sambåndet.

Viktig å engasjere elevane

På Danielsen VGS i Bergen samla dei i 2013 inn 290.000 kr. og er med det den tredje største ImF-skulen når det gjeld innsamling til eit prosjekt. Rektor på skulen, Bård Hauge, seier til Sambåndet at dei har drive med elevprosjekt i 20-30 år.

– Me arrangerer misjonsprosjekt først og fremst for å engasjere elevane innanfor misjon og diakonalt arbeid. På denne måten blir dei kjend med eigarorganisasjonane, som er mottakarane av pengane som kjem inn på elevaksjonen, seier Hauge.

I tillegg til Danielsen og Framnes er det to KVS på Sørlandet som reknast som ImF sine vidaregåande skular. Det er Bygland KVS, som samla inn 150.000 kr. i 2013, og Lyngdal KVS, med 686.000 kr.