Av vilhelm viksøy

Generalforsamling
– Fleire og fleire av krinsane våre har dei siste åra lagt ned store ressursar i sine eigne årsmøter. Dette har blitt storsamlingar som når langt lenger enn me greier med vår eiga Generalforsamling. Me trur det er viktigare å gje rom for desse stemna enn å samla nøkkelpersonar til GF for ofte, seier Erik Furnes.
Dette er ein av årsakene til at sommarens generalforsamling blir bedt om å ta stilling til kor ofte misjonsfolket skal samlast til GF. Eit anna moment er ressursbruken.
– Det mykje arbeid og planlegging knytt til eit slikt storstemne utan at me greier å samle så breitt som me skulle ønskje. Me trur difor det vil vera betre bruk av ressursane å samlast til GF litt sjeldnare, seier han.

Lokale forkynnarar
Også på det strukturelle planet vert det foreslått endringar – eller tydelegare ansvarsforhold enn i dag. ImF-sentralt skal ha ansvar for forkynnarar med vekt på evangelistens nådegåve, som kan verka på landsplan og på skulane. Andre forkynnarar skal tilsetjast på krinsplan, aller helst i eit samarbeid med ein lokalforsamling.
– Me trur det er viktig å halda fast på ei gruppe forkynnarar som kan reise rundt og dele ein bodskap frå Gud utan å kjenne for mykje til dei lokale tilhøva der dei kjem, seier Furnes.
– Samtidig vil ein forkynnar som er knytt opp til krinsen eller ei forsamling, i større grad vera tvungen til å fornya seg og er nøydd til å tala heile breidden av Guds ord. Da treng me begge desse gruppene i åra som kjem, men med ein tydelegare rollefordeling.

Nytt utrykk
Andre ytre endringar som det vert oppfordra til ein open prosess på vidare, er ny logo og nytt motto. Men dei som no trur det vert teiknekonkurranse fram mot sommarens GF, tar feil. Ein ny logo skal forankrast i heile organisasjonen og målet er at alle einingar nyttar logo og motto for å styrke felles identitet, heiter det i planen.
– Me håpar derfor denne prosessen kan få ein god start under GF 2013, skriv ImF i planen.
Spørsmålet om namneendring har og vore drøfta, men her er det fleire forhold som vert berørt, mellom anna at fleire krinsar har hatt ein prosess og bakt ImF inn i namnet dei siste åra. Eksempel på denne er ImF Sør og ImF Rogaland.