Av vilhelm viksøy
Orda og tankane har vore mange undervegs. Gradvis har dei vorte færre. Nå er det berre 1500 ord igjen – fordelt på fire hovudpunkt.
– Det har vore ei spennande reise, seier generalsekretær Erik Furnes om ferda som starta under førre GF i 2011.
Starta lokalt.
For i staden for at mål og retning for arbeidet i ImF denne gongen vart staka ut bak lukka dører på forbundskontoret, har både krinsar, forsamlingar og andre nøkkelpersonar teke aktivt del i arbeidet med dokumentet som har fått den talande tittelen: Strategiplan ImF 2020.
– Vi har tatt på alvor noko av ImF si oppbygging, seier Furnes som ei av årsakene til at strategiarbeidet denne gong starta lokalt.
– Vi ønskjer å vere eit forbund som ikkje berre eksisterer av gammal vane, men i større grad enn før speglar dei ønskje og behov som finnes på krins- og lokalplan, seier han.
Ærlege ord.
Det har vore ei reise gjennom historie og framtid, gjennom suksessar og kriser, og gjennom ærlige ord.
– Det har vore utfordrande å vere ærlege på kvar vi står i dag og på den måten møte dei nakne fakta om status for lag og foreiningar utan å pynte på tala, seier Furnes.
– Men vi er heilt nøydt til å vite kvar vi er i dag for å vite kva veg vi skal vidare, seier han.
Givande og samlande er andre nøkkelord som vert brukt om prosessen.
– Vi har gjort dette saman. Det gir ei god lagkjensle som er svært oppmuntrande å kjenne på.
For også krinsane har arbeidd med sine mål og strategiar parallelt. Arbeidet har gått i ulikt tempo, og ikkje alle krinsar er i mål.
– Det er spennande å sjå korleis dei ulike krinsane vel sine eigne uttrykk for planen. Sjølv om det har vore ein felles prosess, har det likevel gitt store ulikheter i den enkelte plan, seier han.
Mista organismen
Prosessen har og gitt rom for å reflektera rundt suksessar og gode tider i historia. Dei rike vekkingane som ein gong var, er ein naturleg del av dette biletet, men ikkje heile.
– Våre suksessar handlar om eit arbeid som har nådd folket vårt med Guds ord. Mange har tatt ut med ordet, både tilsette og frivillige. Vi har også ei rik historie gjennom eit aktivt barne- og ungdomsarbeid, konkretisert ved leirarbeid, skulearbeid og barnehagar. Dette er verkeleg noko å gle seg over.
Kriser har det også vore. Smertefulle stridigheter som har splitta flokkar og gjort av medarbeidarar har drege seg unna, er tema som har vore reflektert rundt i arbeidet.
– Men den største krisa er at det som var ei rørsle av lekfolk; menneske som frimodig delte sitt vitnesbyrd og gav denne eit diakonalt uttrykk, har meir stilna vekk. Mange stader har vi blitt for avhengige av at tilsette forkynnarar gjer jobben og har gått frå å vere ein levande organisme til å bli ein profesjonalisert organisasjon.
Ei ny tid
Arbeidet har også gitt ham tru for at det framleis er bruk for Indremisjonsforbundet dei komande åra.
– Guds folk treng åndeleg mat og næring, og menneske treng å kallas til omvending og nytt liv. Det gjeld også i vår tid. Men sjølv om vårt grunnleggjande kall, vårt åndelege DNA, handlar om nettopp dette, skal vi tenkja vidt om begrepet forkynning. Det handlar ikkje berre om ein monolog frå talarstolen, seier Furnes.
– Skal vi bestå som folkebevegelse må vi få ein breidde over vitnetenesten og møteformene våre. Vi skal bestå, men kanskje i ei anna form, seier Erik Furnes.