Torsdag 23. februar var planleggingskomiteen til Pit-Stop 2012 på Stord, samla i lokala til Indremisjonssamskipnaden.

Kenneth Foss er oppglødd etter samlinga og seier at det skal bli eit minst like godt Pit Stop i 2012 som i 2011!

For å finne ut litt meir har vi tatt ein prat med Marit Hårklau Ådnanes, som er barne- og ungdomssekretær og leiar for komiteen.

Kan du gje ei lita stemningsrapport frå Pit-Stop planlegginga i går?
– Veldig bra stemning. Ungdomane (og me sjølv) er veldig gira for eit nytt Pit Stop 

Kven var med på dette møtet?
– Veldig mange av dei som var med i planleggingskomiteen i fjor er med vidare. Litt fornying har me, men elles kjekt at ungdomane synest det var så bra å vera med i komiteen at dei vil fortsetja. Me er 10 stk i komiteen; Kenneth Foss, Ragnhild Nesse og meg + lokale ungdomsleiarar frå Bømlo, Stord, Fitjar og Kvinnherad.

Kva kan du avsløre allereie no om neste Pit-Stop på Stord?

  • Me går for torsdag-laurdag i haustferien denne gongen også; 11.-13. oktober.
    Då får me ein ekstra dag/kveld i forhold til om me hadde hatt det ei vanleg helg.
  • Hovudtemaet vert; ELSKA

Kva blir den viktigaste (eller største) endringa i forhold til Pit-Stop 2011?
– Me er veldig godt fornøgde med fjorårets Pit-Stop, så kvifor gjera store endringar på det som fungerte? Litt fornying blir det likevel når det gjeld talar- og songkrefter, og konserten fredag kveld. Men meir kan eg ikkje røpa her før ting er i boks

Kva ynskjer de å oppnå med Pit-Stop?
– At ungdomane frå dei ulike bygdene skal få ein kjekk sosial møteplass, der dei også kan høyra meir om Jesus, og bli utrusta og utfordra på livet vidare med Han.

Visjonen er dekkande og veldig bra: «Me ynskjer å motivera og utrusta ungdomar og ungdomsleiarar til etterfylging av Kristus og teneste for Ham, så dei kan vera med på å byggja eit levande og veksande kristent ungdomsarbeid på sin heimstad.»

Er det noko folk som les dette kan gjera for å vera med å bidra/påverke Pit-Stop 2012?
– Spre info om arrangementet, og allereie no setja av datoen.

Kom gjerne med forslag til seminar, aktivitetar/innslag, songar eller anna. Me er framleis påverkelege.
Send mail med dine tankar og tips  til Marit!  

Endeleg program vert fastsett på vårt neste møte 19. april.