Av Maria Fjellstad
Nyttårsleir på Raknestunet
-Leir er ein stad der du har moglegheit til å ha det kjekt med andre og samtidig høyra om Jesus. Ein har mange rundt seg som trur på det same som ein sjølv. Det er godt med eit slikt avbrekk frå ein travel kvardag, seier deltakar Katrine Brakvatne.
-Å vera på leir på Raknestunet er utruleg kjekt! Eg er der fleire gonger i året både som leiar og deltakar. Det er ein stad ein kan vera seg sjølv, få nye vener, ha et godt fellesskap og få høre om Jesus, seier Lena Bognøy Kleivdal, som òg var deltakar på leiren.
Raknestunet ligg på Osterøy, men det vert arrangert leir i regi av Nordhordland Indremisjon der fleire gongar i året. Leirane på Raknestunet er ofte ganske like, men nyttårsleiren er alltid noko for seg sjølv. Det er den leiren det blir lagt mest ressursar i, og det er det ikkje vanskeleg å merke.
-Leirane på Raknestunet er ganske like for kvar gang, men på denne leiren var det to ting som ikkje har vore gjort før, vertfall ikkje som eg hugsar, seier leirsjef Solveig Hosøy.
Candyland
-Det eine var Candyland som vart arrangert den første kvelden. Då var peisestova fylt med snop, og andre ting som høyrer heime i eit godteland, som for eksempel sjokoladefontene og sukkerspinnmaskin. Deltakarane kunne denne kvelden eta så mykje godteri dei orka, seier ho.
-Candyland var ein genial ide som med skikkelig gjennomføring vart verkeleg bra. Her var noko for ein kvar smak, og ein ekstrem mengde av alt saman òg. Alt frå sukkerspinn til brokkoli og gulrot. Det var òg mange typar av både god is og god brus og juice og liknande, seier deltakar Katrine.
Lena skryt av god stemning og bra underholdning heile kvelden i Candyland, og Maria Myrh som var kjøkkenhjelp på leiren trekk spesielt fram sukkerspinnmaskinen og sjokoladefontena.
Forfølgde kristne
Det andre nye som vart gjennomført på denne leiren skjedde andre kvelden på leir. Opplegget vart kalla ”Forfølgde kristne”, og var hemmelig for deltakarane heilt til det vart gjennomført. Den kvelden som alle andre kveldar på leir på Raknestunet var det kveldsmøte, og møtet gjekk sin gang med forkynning og lovsong. Mens talaren Sandra Thunes Solemdal bad etter talen storma nokon av dei andre leiarane møtesalen. Dei var utkledd og såg skremmande ut, mens dei ropte at det ikkje var lov å halde kristne møte. Dei fanga talaren og sa at møtet måtte ta slutt. Alle som var på møtet ble bedt om å skunde seg å ta på seg klede, for dei måtte finna seg ein annan stad kor dei kunne samlast om Jesus. Deltakarane vart sendt ut i mørket, mens dei var forfølgt og måtte passera leiarane som var kledd ut som vaktar.
Dei som kom seg forbi vaktene samla seg i naustet på kaien ved Raknestunet kor dei bad og song lovsongar. Det var ikkje alle deltakarane som kom seg til naustet fordi dei vart stoppa av vaktar.
-Me gjennomførte dette opplegget fordi me ønska å rette fokus mot dei som vert forfølgd for si tru. Me er så utruleg heldige som lever i eit land med trusfridom. Samstundes ønska me å peika på at det er verdt å tru på Jesus uansett, seier Solveig.
Deltakarane synest dette opplegget var veldig spennande og tankevekkande.
-«Forfølgde kristne» var veldig spennande, og det var sterkt å prøva å setta seg inn i korleis kristne har det i andre land. Sjølv om me på ingen måte kunne kjenna korleis det eigentleg er å bli overvaka og forfølgd, så ga det i alle fall eit lite inntrykk av korleis det er, seier Katrine.
Maria fortel at leiarane var så alvorlege at det nesten føltes som om det faktisk skjedde.
-Det var litt skummelt, seier ho med eit smil.
-«Forfølgde kristne» var veldig spennande og bra lagt opp. Eg synest det var både utfordrande og spennande å få ein liten følelse av korleis forfølgde kristne har det. Og det gjorde at eg sat endå meir pris på kor godt me har det i Norge, seier Lena.
Lagkonkurranse
På alle leirane på Raknestunet har dei ein lagkonkurranse der vinnarlaget vinn kvar sitt vinnarkrus. På denne leiren var det ein Peparkakekrig som skulle bestemma kven som skulle få vinnarkrusa. Konkurransen gjekk ut på å byggja det finaste og mest oppfinnsame peparkakebyggverket. Den første av dei to dagane dei konkurrerte skulle fire frå kvart lag byggja noko av peparkakene, mens resten skulle gå rundt på ulike postar og tena poeng. Jo fleire poeng, jo meir godteri fekk dei til å pynta byggverka med. Den neste dagen skulle dei pynta dei.
Det vart mange oppfinnsame resultat, som ein oljeplattform, eit skihopp og ein open barnebibel. Vinnaren vart ein modell av Noahs ark.
Katrine og Lena er einige om at Peparkakekrigen var utrulig gøy og fortel at det var varierte aktivitetar så alle fekk vist noko dei var gode på. Dei synest det var trist å ikkje vinna det berømte vinnarkruset, men likevel veldig gøy.
Sjølve nyttårsfeiringa er lik kvar gong på nyttårsleir.
-Sidan eg har vore på nyttårsleir dei tre siste åra har det nesten vorte ein tradisjon for meg å feira nyttårsaftan på denne måten. Startar med polynese, etterfølgd av eit ekstremt godt pinnekjøttmåltid og deretter ein meiningsfylt og god delekveld før vi går ut og held hender mens vi synger «Navnet Jesus» klokka tolv.
Etter songen er det tid for klemming og rakettar. Etterpå er det fakkeltog med god stemning og godt samhold etterfølgd av underholdning og kaker inne. Alt I alt ein bra kveld, fortel Katrine Brakvatne.
-Nyttårsleir er kanskje den gøyeste leiren i året. Masse folk, god mat, fakkeltog, nyttårsbukk, delekveld, gode venner, god underholdning og gode møter. Alt i alt ein god og innholdsrik nyttårsaften. Eg synest det er en perfekt måte å gå inn det nye året, seier Lena einig.
Maria synest det var veldig fint å syngja det nye året inn med «Navnet Jesus» og skryt av rakettane og fakkeltoget etterpå.
Nyttårsfeiringa var òg det som alle saman trakk fram som høgdepunkt på leiren.
-Det skjer masse gøy på leir, men høgdepunktet på nyttårsleir må være når alle på leiren klokka tolv står i ein ring og held hender og syng «Navnet Jesus». Dette er noko av det som gjer det heilt spesielt å gå inn i det nye året på leir, for då kjenner du berre fellesskapet deltagarane mellom og samtidig så får du lov til å gå inn i det nye året med Jesus i tankane, seier Katrine og Lena er einig. Maria synest rakettane var det beste.
-Eg har aldri sett så mange før!
Delekvelden
Leirsjef Solveig trekk fram ein anna del av nyttårsfeiringa som høgdepunkt, nemlig delekvelden som var rett før pinnekjøttet.
– Eg opplevde heile leiren at det var god stemning. Vanskeleg å trekka fram eit høgdepunkt, men viktig å trekka fram at me arrangerer leirar på Raknestunet fordi me ønskjer at menneske skal få møta Jesus. Derfor er det alltid flott med delekveldar på leir, når unge menneske reiser seg og fortel om Jesus og kva han betyr for dei.






Se flere bildet fra leiren her!