Av Vilhelm Viksøy
– Ein del bedehusmiljø er ikkje berre likegyldige til dåpen, men kan gå så langt som å teikne eit mest negativt bilete og dels ironisere over den, seier generalsekretær Erik Furnes. Han opplever ein slik manglande bevisstheit kring dåpen som ei stor utfordring.
– Når eg sjølv forrettar dåp på bedehuset, brukar eg mykje Mark 16,16: den som trur og blir døpt. Det er vanskeleg å sjå vekk frå at Bibelen knyter dåpen sterkt opp til frelsestanken. Dermed vert den også ein sentral del av kristentrua, seier han.
Motreaksjon
Han har likevel ikkje vanskar med å forstå kvifor ei slik negativ haldning lett slår rot. Det har samanheng med andre si overivrige vektlegging av dåpen. Særleg den ein kan finne i deler av statskyrkja. Når fokuset vert så sterkt at det tippar over i sakramentalisme, er det ikkje overraskande at det kjem ein motreaksjon.
Sovepute?
– Mange reagerer, med rette, på dei som forkynner dåpen mest som ei sovepute og «salighetspakt». Då vert dåpen meir som eit dop. I eit vekkingslandskap som ImF er ein del av, vil slikt skapa reaksjonar. Då vel nokre den løysinga at dåp vert eit ikkje-tema. Når ein i tillegg veit at spørsmålet om dåp har skapt mykje uro og splitting, så vel fleire å halde dette tema nede.
Fri flyt
Men ei slik løysing er kortsiktig og skapar rom for andre utfordringar. – Det som lett skjer når vi er stille er at det oppstår eit vakuum der andre med ei tydeleg dåpslære som gjerne er annleis enn den lutherske, kan vandra rett inn, seier Furnes. Når det i tillegg er mykje større flyt både av møtebesøkande og talarar, så vert dette ein utfordring.
– Du ser det mellom anna når ungdom vandrar frå miljø til miljø, alt etter kva som passar best denne kvelden. I tillegg har dei ubegrensa tilgang til talar og undervisning gjennom ulike video- og nettressursar, seier Furnes, og understrekar at dette ikkje er eit ungdomsproblem. Også blant godt vaksne er bevisstheita om kvar ein sjølv dreg og kva ein lyttar til, mindre enn i tidlegare tider. Tilflyt av anna undervisning er også her stor, ikkje minst frå ulike kristne tv-kanalar.
På tvers
Men Furnes har ikkje tru på at løysinga er å leite fram alle av-knappar på dei ulike mediekanalane, for då må ein skru av samtida og framtida. Det er heller ikkje ein farbar veg å stengje seg inne eller stoppa alt samarbeid med andre kristne brør og systrer som ein ikkje deler same dåpsvatn med. – Særleg i møte med ein liberal kristendom har det vakse fram eit evangelikalt fellesskap på tvers av konfesjonar der nye alliansar vert reist. I tillegg er det mange som får eit hjarteforhold til organisasjonar som driv eit kjempeflott arbeid, på tvers av konfesjonar.
– Så på den eine sida er eg glad for at det i dag er blitt ei sterk vektlegging på å ikkje fordømme andre og at linja er mindre hard enn før. Samstundes merkar me at dette utfordrar vår eiga lære.
Trygg ståstad
I staden for å møte utfordringane med å stengje dei ute, meiner Furnes svaret ligg i å sikre si eiga grunnvoll. – Det handlar om å vere trygg på eigen ståstad og korleis alt henger i hop, for det er vanskeleg å skru av heile verda som ligg rundt oss, seier Furnes, som meiner Forbundet står i ein mellomstilling. – Me vil stå på eit luthersk syn på dåpen i møte med andre strømingar, samstundes som me tek avstand frå ei sakramentalistisk tenking.
Ikkje nytt
Utfordringane som bankar på dørene i Forbundet har i aukande grad kome frå baptistisk hald gjennom store, verdskjende forsamlingar og talarar med ei slik lære. Tradisjonelt har det likevel vore eit metodistisk dåpssyn som har utfordra mest, for ulike tankar om dåpen er ikkje noko nytt i Forbundet si historie.
– Heile ImF si historie vitnar om ulike syn på både dåp og nattverd, men dette har vore sett opp i mot heile den lutherske læra som famnar vidare og breiare enn dåpen. Den handlar om synet på mennesket, på rettferdiggjeringa og ikkje minst heilaggjeringa, seier Furnes, og peiker på at ulikt dåpssyn har vore ein styrke i Forbundet – trass i store spenningar.
– Me har sett ulikt på einskildsaker, men likevel greidd å stå samla. Det har heller aldri vore krav til forkynnarar og tillitsvalde at dei skal vera samde i alt, men dei må vere lojale. – Så er det misjonsleiarane sitt ansvar å halda oss samla. Det er ein del av hyrdekallet vårt.
Strikken sprekk
Men det går likevel ei grense også for lojaliteten. – Dersom nokon opent agiterer for ein anna syn, er det nådd eit punkt me vil måtte vurdera som illojalt, seier Furnes. Det vil det også vera i møte med såkalla gjendåp, det vil sei vaksendåp av personar som allereie er døypte, men Furnes vil heller ikkje her automatisk kalla det illojalt. – I ein del slike tilfelle er dette gjort svært opent, medvite og på ein slik måte at ein med gjendåp tar tydeleg avstand frå det synet samanhengen står i. Då vil det vera vanskeleg å kunne halda fram som tilsett eller tillitsvald. Men i andre tilfelle ser me at personar har vorte gripne av eit straumdrag knytt til ein konkret situasjon og der personane det gjeld ikkje har sett rekkevidda og konsekvensane av sitt val. Då stiller det seg litt annleis.
Derfor er eg ikkje kategorisk, men ein slik situasjon vil krevje ein grundig prat med den det gjeld saman med det lokale leiarskapet, seier generalsekretæren.
Vekkingsoppdrag
Sjølv om Indremisjonsforbundet står og har stått på eit tydeleg luthersk dåpssyn og dåpen er sentral og viktig, også på bedehuset, er likevel bilete større og breiare. Det er ikkje dåpsforkynning som er nerven i ImF sitt arbeid, sjølv om det høyrer med. – Eg liker å bruke biletet med fødselsattesten. Den seier noko om kva tid eg er fødd. Men dersom eg ikkje dag for dag tar til meg næring, går det gale. Slik er det med kristenlivet og. Dåpsattesten er utan verdi dersom eg ikkje tar til meg av Guds ord og lever saman med han, seier Erik Furnes. – Vårt fremste kall er difor ei levande vekkingsforkynning og vårt fremste oppgåve er å spørja: lever du i dag?