Fem dagar (og fire netter) boltra 76 deltakarar frå 8. klasse og oppover seg på leir, saman med 13 leiarar.
Fleire deltakarar var også på venteliste.
Dagane går fort når me har det kjekt, og det trur eg mange opplevde desse dagane. Dagar fylt med fellesskap, god mat, bibelsamlingar, teambuilding, aktivitetar, seminar, grillkos ved stranda, «Vinn på minuttet», påskefest og mykje anna.
Dei aller sprekaste hadde også sitt første bad i sjøen i år,- ei heller kald oppleving sidan det snøa natta i forkant.
Vegard Soltveit heldt bibelsamlingane med tema «syndebukk». Me fekk grundig innføring i ofringane som vart gjennomført i GT, og om syndebukken som fekk lagt folket si synd på hovudet. Sidan fekk me høyra om Jesus – offerlammet, som tok all verdas synd på seg – ein gong for alle.
Stilla under bibelsamlingane viste at ungdomane fulgte med, og mange gav uttrykk for at dette var lærerikt. Siste kvelden, etter leik og moro, fekk me ei flott delestund saman.
Slik uttrykte ein deltakar seg på facebook etter leir: «Heima frå ein kjempekjekk leir på Brandøy!! 😀 Mange bra folk og nydelig delestund!»
At over 30 ungdomar allereie har meldt seg på til Active-ten leiren i august fortel at leir er «in» og vel verdt å reisa på.
Helsing frå:
Marit Ådnanes – barne- og ungdomssekretær
Indremisjonssamskipnaden
Se flere bilder på Indremisjonen.no på sikt