Debatten om bibelsyn er svært viktig, fordi alle dei spørsmål som splittar kyrkja djupast sett har sin grunn i kva bibelsyn vi legg til grunn. Det betyr ikkje at vi skal forenkle bildet til å kategorisere personar som liberale eller bibeltru ut frå synet på Bibelen som ufeilbarleg, verbalinspirert eller det motsette. Så enkelt har det aldri vore i historia, og så enkelt er det framleis ikkje. Bibelsynets konsekvensar skal vi likevel ikkje ta lett på, og som leiar for ImF vil eg dele nokre tankar ut frå debatten dei siste vekene.
Kyrkjefedrene
Fleire legg stor vekt på oldkyrkja og kyrkjefedrene i forming av bibelsynet. Det er stor grunn til å gje akt på kyrkjefedrene, for dei har vore med og forma vedkjenninga som vi meiner famnar Bibelen sin sentrale bodskap, i tillegg til at dei har stått opp mot vrang lære som alltid har vore med på å føre menneske bort frå ei levande og sann tru. Frå sentrale personar i utforminga av vårt læregrunnlag finn vi også sterke utsegn om synet på Skrifta. Augustin sa: «Dei mest øydeleggande konsekvensar må følgje av det å tru at noko falskt er funne i dei heilage bøker». Martin Luther erklærte i ulike samanhenger: «Skrifta kan ikkje feile. Eg trur tillitsfullt at ikkje nokon av dens forfattarar tok feil». Like fullt er det i debatten kome andre sitat frå desse personane som kan tolkast i ei anna retning. Dette viser at det er nødvendig for oss å blankpusse det reformatoriske prinsipp om Skrifta åleine.
Eg har ved fleire høve høyrd argumentasjon for eit læresyn at «kyrkjefader NN meinte det», og eg må berre innrømme at slik tale ikkje veg avgjerande tungt. Vi skal lytte til oldkyrkja sine leiarar og reformatorane i den grad deira lære kan grunngjevast i Skrifta, og ikkje nytte dei som premiss for eit bestemt bibel- eller læresyn. Heller ikkje geografisk eller tidsmessig nærleik til apostlane tillegg eg anna vekt enn som fortolkning av Skriftene, for Bibelens forfattarar var under guddommeleg inspirasjon då dei skreiv. Slik det inkarnerte Ordet Jesus Kristus var sann Gud og sant menneske, trur eg Skrifta er det same – guddommeleg og menneskeleg på same tid.
Det at vi ikkje vektlegg tradisjonen og kyrkjefedrene meir enn som vitnemål om det dei fann i Skrifta og åndssamfunnet med Gud, gjer oss ikkje åndeleg fattigare, som vi av og til kan få høyre. Jesus sa: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg skal ikkje svelta. Og den som trur på meg, skal aldri nokon gong tørsta» (Joh.6:35). Dette er den vedvarande kjelda til eit rikare liv i Gud.
Jesu ord om Skriftene
Vår frelse og vårt håp er knytta til Jesus Kristus. Han er Ordet, og han er Vegen, Sannnga og Livet. Vårt bibelsyn må derfor formast av den autoritet Han tillegg Skriftene. Det vert meningslaust å skulle finne kvile for sjela i det Jesus har gjort, om vi skal drage i tvil det han seier. «Skrifta kan ikkje gjerast ugyldig» seier Jesus i Joh 10:35, og vidare i Matteus 5:17-18: «De må ikkje tru at eg er komen for å avlysa lova og profetane! Eg er ikkje komen for å avlysa, men for å oppfylla. For sanneleg seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå, før det har hendt alt saman». Eg tek også med orda til Emmausvandrarane i Luk 24:25-27: «Då sa han til dei: Kor uvituge de er, og kor seinhjarta til å tru alt det profetane har tala! Laut ikkje Messias lida dette og så gå inn til herlegdomen sin? Og han tok til frå Moses og frå alle profetane og la ut for dei det som er skrive om han i alle Skriftene».
Eg kan ikkje sjå anna enn at Jesus her vedkjenner seg alle skriftene, alle profetane, alt profetane hadde talt (ikkje berre i det store og heile), alt Moses hadde skrive, og Han hevda at det i alle skriftene var skrive om Han sjølv. Eg held fast ved at Skriftene var dei som Jesus og jødane i Israel nytta, ikkje dei som jødane i diasporaen tok med (Apokryfane).
Vidare gjev Jesus sine apostlar autoritet til å fullføre Guds ord (Luk 10:16, Joh 16:13), og eg vektlegg dei ord om inspirasjon som vi finn i NT (t.d. 2.Tim 3:15ff, 2.Pet 1:20ff). Sjølv om det ei tid var usemje om Hebrearbrevet skulle vere med i kanon, påverkar det ikkje det synet om at den nytestamentlege kanon var til stades alt ved utgongen av aposteltida, omkring år 100.
Eg trur på Skrifta sin inspirasjon fordi det er Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv, og dersom den ikkje er til å lite på når den omtalar seg sjølv, korleis kan vi då stole på det den lærer oss om andre åndelege spørsmål? Med frimod vitna Paulus dette for landshovdingen Feliks: «Men det vedgår eg for deg, at etter den Vegen dei kallar ei sekt, tener eg den Gud fedrane våre dyrka, slik at eg trur alt det som er skrive i lova og hjå profetane». Skulle vi ha grunn til å seie nesten alt?
Ei audmjuk tilnærming
Vi treng bibelforsking og bibelstudium som aldri før. Djevelens gamle spørsmål «har Gud verkeleg sagt?» lyder heile tida, og Bibelens autoritet som eit truverdig ord vert angripen frå alle retningar. Derfor treng våre forsamlingar og organisasjonar kristne som loddar djupt og kan gje faglege og velgrunna synspunkt og svar. Vi har ikkje ei irrasjonell tru. Vi skal ikkje møte ærlege spørsmål med forenkla svar som ikkje tek oppriktige menneske på alvor. Vi skal innta ei positiv og offensiv haldning til vitenskap, og som oftast kjem dette ikkje i konflikt med Bibelens innhald.
I møte med vitenskap og nyare forskning er det likevel grunnleggjande kva autoritet ein set høgast. Vitenskapen vert ofte formidla med forbløffande skråsikre konklusjonar, og vi kjem lett på defensiven når den sår tvil om Bibelens historisitet og nøyaktighet. Når vi høyrer om «nyare forskning» frå personar med laaange akademiske titlar (t.d. i serien «Bibelen» som gjekk på NRK i jula) vert trinna våre lett ustøe.
Etter mitt syn har vi då valet om vi vil gi rom for tanken om at det er feil i Bibelen, eller om vi vil halde fast på Bibelens inspirasjon og slåss med dei uavklarte spørsmål som er stilt. Vi skal også vere klar over at mykje av det som kallast «feil og inkonsekvensar i Bibelen» alt er motbevist, både av fagteologar og lekfolk. Det er ikkje vi som dømer Skrifta, men ifølge Heb 4:12 er det Guds ord som dømer hjartans tankar og råd. Det er tøft for oss å lese «at Gud er sannferdig, men kvart menneske er ein lygnar» (Rom 3:4), men det burde likevel fylle oss med ei audmjuk haldning i arbeidet med Bibelen.
Erik Furnes, ImF
1 kommentar.
Hei, jeg har et spørsmål. Mener du at alle feil og motsigelser i Bibelen er motbeviste?