Bjarte-Vesetvik

Barne- og familielederen i ImF-UNG deler om lagsarbeidet sin betydning

Eg er vakse opp i ein kristen heim, og har fått kristendommen inn med morsmelka.

Eg gjekk først på søndasgsskule, seinare på yngres og til slutt på tenklubben.

Kva har så dette lagsarbeidet hatt å seie for meg?

Eg vil ta fram følgjande:

  • Fellesskap med andre kristne: på søndagsskule, yngres og tenklubb fekk eg møta andre kristne på min eigen alder. Dette trur eg er viktig for alle kristne.
  • Leiartrening: på yngres og tenklubb fekk eg etter kvart ansvarsoppgåver, og dette gjorde at eg vaks både som kristen og som person.
  • Åndeleg påfyll: sjølv om ein veks opp i ein kristen heim, så treng ein å høyre andaktar, synge om Jesus og få undervisning tilpassa sin eigen alder. Dette fekk eg i stor grad gjennom lagsarbeidet.

En viktig brikke

Lagsarbeidet har vore ei viktig brikke i mitt kristenliv, sjølv om eg kom frå ein kristen heim, og ikkje trong å bli frelst, men eg trong mykje av det andre som lagsarbeidet også gav meg.

deleknapp