Av Tore Hjalmar Sævik, journalist Dagen

Boka som oppsummerer den ferske spørjeundersøkinga om nordmenns haldningar til bedehusrørsla, har fått tittelen «Motstrømsfolket».

Det kan vere verdt å reflektere litt over dette ordet i samband med at ein les i eller om boka.

Sjølvforståinga til bedehusgjengarane er på nokre måtar like interessant som vurder-ingane til dei som står utanfor samanhengen.

Her og no tenkjer eg særleg på eitt spørsmål:
I kva grad går bedehusfolket mot straumen i overflodssamfunnet?

Teologen, forfattaren og sjelesørgjaren Gunnar Elstad har ein artig definisjon på ein materialist: Det er ein som har meir enn eg. Det er lett å verte kritisk til kor mykje andre eig og kjøper, men vanskelegare å vere kritisk til seg sjølv. Sanninga er likevel at dei aller fleste av oss har fått svært mykje meir dei siste tiåra.

Sidan 1981 har timeløna i Noreg auka med 65 prosent, målt i kjøpekraft, melde Aftenposten nyleg. Vi er blitt ufatteleg rike i både global og historisk målestokk.

Tradisjonelt har eit av dei fremste ideala på bedehuset vore gudsfrykt med nøysemd. Sløsing og unødvendig luksus har mange passa seg vel for. Det handla om å ta vare på «gudslånet». Djupast sett eig jo Gud alt. Som det heiter ved ofringa i gudstenesteliturgien: «Av ditt eige gjev vi deg attende».

Tidlegare generasjonar bedehusfolk visste godt kva det betydde å ha det trongt. Likevel var dei i stand til å samle inn enorme summar til misjonsverksemd. Sjå berre på alle bedehus, leirstadar og kristne institusjonar som vart reiste i løpet av 1900-talet.

Det vert fortalt om ein familie der dei vart samde om å kutte eit måltid om dagen for å kunne gi meir til reisinga av det som i dag heiter Nordhordland Folkehøgskule.

Truleg var det noko av den same livshaldninga som kom til uttrykk hos den eldre kvinna som uttalte orda eg har brukt i overskrifta til denne kommentaren. Både fritid og feriepengar var nok framandt for henne. Så ho kunne ikkje fatte at kristne skulle reise på ferie og gjere noko så eksklusivt som å ta inn på hotell. No er det få som reagerer på slikt lenger.

Hotellopphald er blitt for folk flest. Det same gjeld kvardagsluksus og fritidsgode av stadig fleire slag. Samstundes høyrer vi rett som det er at misjons- organisasjonar og kyrkjesamfunn strevar med raude tal. og mange stader i verda er nauda botnlaus.

Underleg nok kan det synast som om tidlegare generasjonar var villige til å forsake nødvendige ting for å gi til misjonen og dei fattige, medan vi i vår tid knapt forsakar unødvendige ting for å gjere det same. Det verkar av ein eller annan grunn til å vere vanskelegare å gi tiend – som etter bibelske ideal burde vere eit minimum – dess meir ein har å gi av.

Som ein mann i ein frikyrkjelyd påpeikte: Det er lett å gi ti prosent av ti kroner, det er jo berre ei krone. Det er også ganske greitt å gi ein tiar av ein hundrelapp. Ein hundrelapp av ein tusenlapp begynner å rive litt. Men å gi 10.000 kroner for kvar 100.000? Nei, det blir for mykje, synest mange.

Har den åndelege motivasjonen og klårsynet tapt seg?
Ordparet gudsfrykt og nøysemd er henta frå Paulus´ første brev til Timoteus. I den nye omsetjinga til Bibelselskapet er verset gjengitt slik: «Ja, å frykta Gud og vera fornøgd med det ein har, er ei stor vinning.» Men vi lever i eit samfunn der vi konstant vert påverka til å tenkje det motsette: Dersom Gud finst, er det i alle fall ingen grunn til å frykte han. Og du må for all del ikkje vere fornøgd med det du har. Misnøye er ei drivkraft for heile det økonomiske systemet.

Utan opphald vert vi jaga mot noko nytt, meir og betre. «Fordi du fortjener det» og «Har du lyst, har du lov» er symptomatiske slagord frå reklamen. Mot dette er Bibelens svært radikale ord om farene ved rikdom umåteleg utfordrande. Kjærleik til pengar vert løfta fram som rota til alt vondt, og pengekjære vert i Efesarbrevet rett ut kalla avgudsdyrkarar som ikkje «har arv i Kristi og Guds rike».

Jesus slår fast at det er umogeleg å tene både Gud og Mammon. Dei bibelske formaningane mot å vere pengekjær, grådig og gjerrig er freistande å overhøyre eller bortforklare. Desto viktigare burde det vel vere å stanse opp og spørje kva konsekvensar orda skal få i dag. Ein tv-kjendis sa i eit intervju for nokre år sidan at det kristne truslivet hans er blitt bleikare med åra. «Vi har det godt her i landet», lydde forklaringa hans. Ja, det er noko der. Ingen skal påstå at det er lett, men prøver ein ikkje å symje mot straumen i overfloda, kan ein drukne i den.