– Ja, sjølv om me naturlig nok ba mykje om leiing i ei slik sak, opplevde eg aldri eit overveldande indre kall eller stadfesting. Men tilliten eg vart vist frå folk som kjende både meg og arbeidsoppgåvene eg skulle inn i, betydde mykje, seier Erik Furnes.

At dei store synene ikkje var der, tek han ganske med ro.

– Når ein ser behov som er der, ser oppgåver som ventar og at ein har både evner og utrustning til å gå inn i dei, då er det ikkje alltid ein treng venta på ei sterk oppleving av eit kall. Her vart eg i tillegg oppmuntra med eit sterk ytre kall frå leiarar som meinte eg var skikka til denne jobben, seier han.

Gradering 
Han kom til stillinga i ImF frå krinsleiaroppgåver på Sunnmøre. Før det var hadde han sitt virke i næringslivet som datakonsulent. Men for Erik Furnes er ikkje livet delt i eit før og etter han begynte i misjonen.

– Eg er veldig forsiktig med å signalisere at det er noko misjonsarbeid som er viktigare enn anna. Svært mykje av det kristne arbeidet som finnes er bore opp av menneske på fritida. Difor er eg redd for å profesjonalisere kallet. Ja, det trengs også nokre som er tilsett, men dei som brukar fritida si har like mykje eit kall som dei som er tilsett, seier han, og fortel ei historie frå ImF-land.

– Ho var ei godt vaksen kvinne, var ei av dei lokale eldsjelene, men hadde ingen framskutt posisjon. Ho sa det vel så sterkt, at andre tok henne litt for gitt, fortel han.

Så reiste kvinna ut av landet som misjonær og då ho nokre år seinare kom tilbake, var statusen brått ein annan.

– Ho opplevde at mange hadde stjerner i augo over å få ein misjonær blant seg. Så det er merkeleg korleis me ofte kan gradera ulike typar misjonsoppgåver.

Svein Bjarne Aase

Krise 
Ein som har opplevd dette på kroppen, er krinsleiar i Indremisjonsamskipnaden Svein Bjarne Aase. Då han for ein del år tilbake slutta i lønna misjonsteneste opplevde han krisa. Korleis skulle det nå gå med kristenlivet når han ikkje lengre levde under velsigninga ei heiltidsteneste gav? Han vart overraska.

– Eg oppdaga at eg hadde like store gudsopplevingar i kvardagen som buss-sjåfør som i misjonen, berre på litt andre områder. Bak rattet i bussen fekk eg oppleva både velsigning og det å vere til velsigning. Det var ei open misjonsmark, fortel Aase.

No er han på oppløpet av ein ny periode som lønna misjonstilsett. Tida som krinsleiar er forbi etter eige ynskje. Han opplever inga krise som sist, men kjenner det likevel sårt for misjonen og tenesta har vore så stor del av livet hans.

– På mange måtar skulle eg ynskt eg kunne halde fram, men av ulike grunnar så går ikkje det lengre, seier han.

No ser han annleis og større på kallet enn før.

– Eg tenkjer at alle har eit kall og det handlar først og fremst om å følje Jesus. Uansett teneste. Så sjølv om eg no sluttar i ei konkret misjonsteneste, sluttar ikkje kallet mitt. Det ber eg med meg vidare sjølv om eg no sluttar i misjonen, seier Aase.

Ingen ny 
Men å finne ein ny person til å innta stolen, har ikkje krinsen greidd. Fleire namn har vore både på blokka og på samtalerommet, men ingen har landa på eit ja. Svein Bjarne trur noko av grunnen er at folk i dag tenkjer litt annleis.

– Det er lettare i rekruttera til eit forsamlingsarbeid enn til krinsarbeid. Ein krinsleiar er mykje på reis og har mange ulike oppgåver, mens livet i forsamlinga er lettare å kombinere med blant anna familielivet.

Difor har også krinsen gjort sine grep, slik fleire andre krinsar har gjort. Team-tanken står mykje sterkare og fleire er tenkt til å dele på oppgåvene. Det er ikkje lenger berre ein høvding på toppen. Likevel har ikkje Samskipnaden lukkast så langt.

Strategar 
Kanskje var det lettare i gamle dagar då tanken om det livslange kallet og at kallet også innebar eit visst offer, var sterkare i gamle dagar. Men det var det også i samfunnet elles.

– Det er lett å sjå tilbake og sjå dei gode sidene. Det hadde sine skuggesider dette og.

I dag trur Aase at pendelen har tippa andre vegen.

– Det merkar me i alt arbeid. Det er hardt og krevjande å få folk til å binde seg til noko på fast basis. Det er lettare å få nokon til å droppe innom enn til å stå i et teneste over tid.

Men sjølv om han ikkje vil tilbake til dei gamle tider, har dei gamle høvdingar mykje å lære oss.

– Mange av våre gamle leiarar var dyktige strategar. Dei evna å sjå folk og dra dei med seg. Der har me mykje å leve opp til; oppdage folk, sjå dei og dra dei inn i ei teneste. 

Gode rektorar
Også Erik Furnes kjenner på utfordringa det er å skaffe kompetente kandidatar til leiaroppgåver.

– Rektorspørsmål ved skulane våre er ei stadig utfordring, seier han.

Men dette er ikkje berre krevjande for misjonen, også elles i samfunnet vegrar folk seg for å gå inn i stillingar som inneber stort personalansvar og ubehag knytt til nokre av oppgåvene.

– Me har det godt her i landet og dei fleste stillingar har gode vilkår uansett. Difor vegrar mange seg mot stillingar som inneber ansvar og ubehag.

Furnes trur og misjonen kan bli for passiv på eigne vegne når dei rekrutterer.

– Me kan visa større frimod i å utfordre leiarar frå næringslivet til misjonsoppgåver. Me må våge å spørje og ikkje vere for defensive. Så har eg stor respekt for at misjonen ikkje klarer matche alle vilkår og at folk har forpliktelser som gjer at dei ikkje alltid kan svare ja, men det er ikkje vår jobb å seie nei for andre, seier Furnes.