Fra Merete Blindheim

Snakkis, vert det kalla, alt snakket oss i mellom om kor travelt det er, kor mykje vi har å gjere og oss kvinner i mellom; om kor lite mennene forstår av kor mykje vi faktisk gjer som dei ikkje oppfattar  
Det gjeld det store fleirtal i vaksen alder og begge kjønn, – sjølv om mange av mennene helst ville avlyst alt dersom dei hadde ansvar for noko særleg meir enn den eine gåva. Skulle vi tatt dette alvorleg ville oppsummeringa vore: Stakkars oss som må feire jul!

Er det slik vi kjenner det?
Er det dette vi vil signalisere til folk rundt oss? Til neste generasjon?
Kven vil vere med meg på eit eksperiment? Ny julesnakkis!
Ut med sukk & syt! Inn med feststemning, forventningar, glede og ivrige førebuingar.
Dersom det hadde vore kong Harald og dronning Sonja som kom, korleis hadde vi tatt det? Tippar vi hadde vaska og pussa, baka og ordna med stolt glede. For ei ære! Kan til og med vere vi hadde nemnt det for ein nabo eller tre; «Ikkje kvar dag vi får så storfint besøk, så litt strev får vi vel tåle …»

Strengt tatt er det vel det same som skjer i jula, er det ikkje?
Vi skal ha fest! Kongen kjem! Retting; Kongen over kongane kjem! Det er all grunn til å feire, både gjesten og for vår eigen del. Ikkje for det; Han er ikkje fin på det. Klarer seg med reint høy og halm. Tåler sterke dyrelukter og slikt. Men rangen tilseier at han fortener det beste, om det så berre vert du og han til bords. Han har vald deg og meg som vertskap.
Det er ei ære at Gud kjem til oss. Vi har god grunn til å gjere vårt beste, lage fest, feire heidersgjesten.
Jule- og adventstida er for alle, ikkje berre småborna. Nyt det. Kos deg. Både med adventstida og julestrida.

Her følgjer eit lite utval plukk-&-miks-idèar.
Noko for alle aldrar. Velbekomme.

  • Inviter på adventsfrukost ein eller fleire av søndagane i advent 
    Dette har eg gode erfaringar med sidan ei venninne og eg starta med dette alt som studentar. Passar for alle aldrar og samankoplingar av folk. Start måltidet med å synge adventsverset og tenne lys. 
    Tips 1: Leit fram teksten på førehand. 
    Tips 2: Bruk minst ein av søndagane til å invitere nokon utanfor denne vanlege kretsen din.
     
  • Øv på songane 
    Det er så kort sesong, så det gjer godt å lufte dei litt før høgtida. Skriv opp julesongtitlar på små lappar og putt i ein konvolutt. Øv meir med å elle på til dømes o- jul- med- din- gle- de- og- barn- lige- lyst- vi – hil- ser- deg- al- le- vel- kom- men, – for å velje den heldige som får trekke song frå konvolutten.
     
  • Ha tampen brenner med ein og ein av figurane til julekrybba 
    Har du ikkje julekrybbe? Det kan både kjøpast og lagast. Sjølvgjort er velgjort.
     
  • Skaff deg ein uvanleg adventskalender…
    ( ta fleire dagar på ein om det trengs)
    – for halvstore og store til dømes adventsboka “Adrian og nettet”
    – for halvsmå og store kanskje ein kalender med 24 minibøker
    – for alle: spør i næraste kristne bokhandlar
     
  • Gladboks 🙂 
    Kvar torsdag eller så ofte du vil, kan du gøyme noko i ei «gladboks». Finn fram ei kakeboks der du kan gøyme ulike ting kvar gong. Alt frå mandarinar eller invitasjon til sisten i måneskinet, gløggoppskrifta frå apoteket, beskjed om at i dag skal vi hente juletreet, små lappar til å skrive gode ord du stikk mellom teposane du gjev til ein nabo eller ven, kvalitetssikring av julekakene (ein sikker vinnar!) osv, osv. 
     
  • Sett fokus før tv-jula tar oss
    Heime hjå oss gjer vi dette kvar julaftan om morgonen: eg eller mannen min står opp tidleg, fyrer i omnen, legg tepper og puter rundt, tenner lykter og set ein jule-cd i spelaren. Ingen har til no blitt sure av å bli vekt til mektig julesong og invitasjon til varm kakao med krem framfor omnen. Julegjestane våre får same tilbodet, og alle har vald fellesskapet framfor senga. Så sit vi der i grålysninga; opnar siste luka i kalenderen, syng julesongar, les ei juleforteljing og snakkar om at i dag er Jesus sin bursdag…

… PS! Hugs å gratulere hovudpersonen med dagen! Klar med bursdagssong også?