– Det er flott når ungane etterpå fortel at dei har vorte betre kjent med Jesus, seier Linn Sirevåg.
Ei helg kvar månad pakkar Linn tannkost, innesko og bibel og drar på leir.
Barneforkynnar
For sidan sommaren 2011 har ho vore tilsett som barneforkynnar i ImF-UNG, med leirar som si arbeidsoppgåve. Men det var langt frå sjølvsagt at tannlegestudenten frå Sirevåg skulle farta Forbundet rundt som leirtalar.
– Eg reiste mykje på leir som liten, men eg har mest aldri vore med som leiar, seier ho. Tre gonger tel ho seg fram til, to av dei som talar, var status då Kenneth Foss ringde henne midt på sommaren.
Søkte ikkje på jobben
– Eg hadde ikkje kome på å søkt på jobben av meg sjølv, men det var veldig kjekt då Kenneth ringte. Oi, tenkte eg, kanskje dette hadde vore noko for meg? Så fann eg ut at eg i alle fall ville prøva. Eit halvt år etter er ho glad utfordringa vart hennar. – Det har vore gildt, seier ho, med si breie jærdialekt. Og ei slik dialekt kan til tider ha sine utfordringar. – Då eg var på Sunnmøre prøvde eg å styra unna «gildt» og «løye». Eg prøvde å droppa «okka» og, men det er ikkje så enkelt. Det er ein del ord som kjem naturleg og ofte så tenkjer eg ikkje på at ikkje alle forstår dei, seier ho og ler.
Mykje å læra
Men gildt er ikkje einaste ordet som skildrar første hausten; interessant, spennande, utfordrande, er andre ord ho brukar.
– Eg har mykje å læra og veksa inn i som leirtalar, seier ho. For sidan det ikkje har vore nok særleg leirliv sidan barndommen, er det mange år å hugse attende for å minnast korleis bibeltimane gjekk føre seg.
God respons
– Så i praksis startar eg frå scratch og lærer undervegs. Skal ho tru på responsen ho har fått, har ho lært fort. – Eg synes det har gått bra og eg har fått mykje god respons frå ungane. Fleire av dei har sagt at dei lærer mykje nytt og at dei forstår betre kva dei trur på. Det er kjekt å høyra at det eg seier betyr noko for dei, seier ho.
Kreativ formidling
I arbeidet med timane legg ho vekt på å ikkje berre bruke ord. Andre effektar som skal hjelpa ungane å både forstå og hugsa, vert flittig brukt. Eit bilete på storskjermen, ein hatt på hovudet eller eit eple i hendene kan vera til god hjelp. – Ja, det er veldig viktig å ikkje berre stå å snakka. Viss eg ikkje gjer noko som fangar merksemd deira, mistar eg dei fort. Særleg dei i 2.- 4. klasse. Dessutan hugsar dei betre dersom dei får nokre konkrete knaggar å henga bodskapen det på.
Det viktigaste skal fram
Men det er ikkje enkelt å vita kor høgt lista skal leggast når undervisninga startar. – Ungane kjem frå så ulike heimar. Nokre av dei kan ingenting, andre mykje. Men eg ynskjer å fortelja dei det viktigaste.
Dei skal ikkje berre få høyra at «Jesus elskar deg», men også kvifor han elskar dei og kvifor han døydde, seier Linn som er klar på kva som er det kjekkaste med leirlivet.
– Det største er når borna fortel at dei har blitt betre kjent med Jesus og at nå har han vorte levande for dei.