Av David Pletten Aasgard – for Sambåndet – Publisert 20. september 2013.

På Framnes KVGS har det vore arrangert møter for elevane dei to siste vekene. Samlingane vart haldne av Ruben Lie Monsen, og Bjørnar Byberg i T2-temaet frå Bildøy bibelskule, hadde enkelte innslag. Over hundre elever møtte opp på kvart møte, og Monsen var overvelda:

– Det var heilt sjukt! På det meste kom det 130 elevar av 260 totalt, og på kvart møte kom det over hundre stykk.

Mange kom
Tema i møtene varierte like mykje som formen til Sportsklubben Brann, og engasjementet blant elevane var stort. Monsen fortel at han ein dag fekk spørsmål om å halde eit møte om Helvete. Det enda opp i to møter med tema om endetida. Monsen seier at det å forkynna om fortapinga var utfordrande, men folk kom likevel.

– Eg måtte spørja elevane om dei ikkje hadde lekser eller dreiv på med hobbyar, for dei kom på så mange møter. Me har hatt møter åtte av dagane dei siste to vekene, og folk stilte opp kvar gong. Elles har Byberg og eg delt morgonandaktane, som er kvar morgon, og har hatt forbønn etter kvart møte. Då har me prata med elevar heilt frå møtet var over til innetida på internata gjorde at elevane måtte gå på rommet, seint på kveld, seier Monsen.

Be for skulen
Fleire blei kristne etter møteveka, og det er eit sterkt kristent miljø på skulen. Monsen kan fortelje at Byberg og hadde kontakt med elevane på fritida, sidan han «hang» i miljøet, og dei fekk mange gode samtalar etter morgonsamlingane.

– Det var ein utruleg positiv oppleving å vere på Framnes. Ikkje berre, møtene, men berre det å kunne vere her med alle dei flotte folka, seier Bjørnar Byberg, som er einaste deltakar i ImF sitt T2-team i år.

Be for Framnes, og dei nye kristne, er oppmodinga frå Ruben Lie Monsen til Sambåndets lesarar.