Hetlebakke-Asle-fotoEJD

Asle Hetlebakke er Kretsleder i Nordhordland Indremisjon

Her deler han litt om hva lagsarbeidet betydde for han i oppveksten

I «mitt» bedehus som barn og tenåring var det eit stort og variert arbeid for barn og unge.

Samtidig var det slik at leiarane i yngres- og ungdomsarbeidet var bevisste på at det var viktig også for ungdomane å gå på «vanlege» møte. På nokre av småmøta om sommaren var ungdomane i fleirtal. Var det møteveker hadde både yngreslaget og ungdomsforeininga ansvaret for minst eitt av møta kvar, og ungdomskoret vårt, Unge Røster, var gjerne med og song på ein del bedehusmøte i løpet av året.

Tidene har endra seg sidan den gongen, men det er framleis svært viktig at lagsarbeidet ikkje er ein eigen stat i staten i bedehuset. Barna og dei unge må også visa igjen i bedehusarbeidet elles.

Som barn var det naturleg å vera med i søndagskule, barnelag og barnekor

Kombinert med det å reisa på leir på Raknestunet var dette viktige brikker med tanke på ei barnetru som skulle utvikla seg og bibelkunnskap som skulle inn. Etter kvart vart det yngreslaget og Unge Røster som vart dei faste laga i tenåra. Yngreslaget høyrde til indremisjonen, ungdomskoret var ein del av NLM. Denne kombinasjonen av
indre- og ytremisjon lærte oss å sjå at evangeliet skulle ut både til folket vårt og til folkeslaga vidare utover i verda. I Unge Røster var vi på den tida over 100 ungdomar. Desse kom frå mange ulike bygder både i Åsane og Arna, og slik vart vi kjende med mange andre som også ville tru på Jesus.

I gymnasalderen vart også ungdomsforeininga og skulelaget naturlege samlingspunkt.

I bedehuset fekk eg mine første tillitsverv og oppgåver i arbeidet, eg hadde mine første vitnemål og andaktar, og fekk mykje kunnskap. Spesielt i yngreslaget var det ofte dei vaksne kristne i bygda som kom og hadde andakt, og delte av si erfaring og åndelege livsvisdom.

Yngreslaget tok forresten ikkje ferie, her var det samling om torsdagane også om sommaren.

Lags- og leirarbeidet har forma meg på ulike måtar, og gjort meg glad både i bedehuset, det kristne arbeidet og i Jesus.

Hva har lagsarbeidet betydd for deg?