Av Vilhelm VIksøy

– Det er ganske openbert, særleg i samband med ulukker og andre tragediar som rammar oss, at det sosiale nettverket og fellesskapet er viktig, seier Hans Olav Tungesvik.

Den kristne psykiateren nøler ikkje før svaret kjem. Stemma er stø, og svaret er konsist. Eit langt liv i møte med andre menneske sin lagnad har gitt han svaret: å bli omslutta av sosiale nettverk kan vera til stor lindring.

Alle samanhengar 
Kvar støtta kjem frå er ikkje like viktig.

– Det kan vera venner, familie, idrettslag, kristne fellesskap. Det viktigaste når krisa rammar er at det er nokon der.

Om kristne fellesskap er flinkare til å visa slik omsorg enn andre, trur han ikkje.

– Nei, her er det nok like mykje den mellommenneskelege delen i oss som trør til.

Det som derimot er sikkert er at menneske med eit slikt nettverk rundt seg, menneske som har nokon som omsluttar dei og gir omsorg, er rikt velsigna.

– Ja, det er av stor betydning å bli vist slik omsorg. Det kan lindra mykje sorg.

På same viset er det vondt og tungt for dei som står aleine.

– Difor er det så viktig å byggja desse relasjonane medan ein kan.

På kafé
Stadig vert han minna om denne sanninga i møte med andre. Ein gong han hadde halde foredrag om sorg og sorgarbeid, kom ei kvinne bort til han. Ho hadde mist dotter si på tragisk vis og opplevde korleis lokalsamfunnet stilte opp. Mange kom på besøk, og med seg bar dei både blomar og mat.

– Eg var så utmatta, eg orka ingenting sjølv. Du aner ikkje kor mykje omsorg eg opplevde i eit heimelaga grovbrød som kom, fortalde ho meg. Dei tre første vekene etter at ho miste dottera, opplevde ho mest som å bu på ein kafé – på ein god måte. Det var folk på besøk, dei hadde med seg mat, omsorga var god, seier Tungesvik.

Men så vart det stille

– Etter tre veker stoppa det opp, og det er ikkje så uvanleg. Mange er gode på å gje støtte i den akutte fasen, men ofte er det like viktig å følgja opp i tida etter, og gjerne i lang tid, seier Tungesvik.

 

Stille etterpå 
Han erkjenner at dette ikkje er lett. For kvar går grensa mellom å la folk få fred til å la sår få gro og det å rippa opp gamle kjensler?

– Eg tenkjer på det kvar gong eg køyrer gjennom ei bestemt bygd. Eg veit at i huset eg ser på haugen, bur det folk som mista nokon for fire år sidan. Eg lurer ofte på om eg skal ta turen innom, men er redd eg skal henta fram sorg dei hadde arbeidd seg igjennom, seier Tungesvik.

Hans råd både til seg sjølv og andre, er likevel klårt: ta kontakt – også om det har gått ei stund.

– Hovudregelen min er at i dei aller fleste tilfelle så set folk pris på denne omsorga også om det har gått både veker, månader og år.

 

Prata tomt 
I tillegg til å gje trygge rammer kan også det gode fellesskapet gje rom for å snakka ut om sorga.

– Eg prata ein gong med ei dame som mista mor si, og det var ikkje så mange som følgde henne opp. Nokre veker etterpå møtte ho ei nabokone på butikken. Nabokona la handa på skuldra hennar og sa: «eg veit korleis du har det», seier Tungesvik. Møtet vart ikkje til mykje hjelp.

– «Kunne ho ikkje heller spurt meg korleis det gjekk, så hadde eg hatt nokon å fortelja til», fortalde denne dama meg i ettertid.

Å snakka ut, snakka seg tom, igjen og igjen og igjen, gjev stor lindring. Sjølv mange år etter kan det vera godt å prata igjennom sorga.

– Ein gong kom eg i prat med ein mann som hadde mist sonen på tragisk vis. Me åt lunsj i lag, og historia kom på nytt, tre år etter. Han hadde prata om det mange gonger før, men likevel sukka han etterpå: takk for at du høyrde på. Det gjorde godt å få prata om dette ein gong til.

 

– Gje ein klem 
Det som ofte held oss tilbake frå å vera tilstades i andre sitt liv, er frykta for ikkje å strekka til.

– Me føler oss hjelpelause og veit ikkje kva me skal seia. Men det folk ofte lengtar etter er berre at nokon er der, at dei vågar gje ein klem og visa at dei bryr seg. Det treng ikkje vera så mange orda som blir sagt, ofte er det like mykje omsorg i ein god klem – eller eit nysteikt brød, seier Tungesvik.

– Me kan ikkje alltid lækja, nokre gonger kan me berre lindra. Men me kan alltid vera litt og bidra med noko, enten du kallar det trøyst eller ganske enkelt nærvær. Det handlar ofte om å våga.

 

– Snakk saman 
Korleis me skal skapa denne kulturen for å vera noko for andre, finst det ingen enkle og raske svar på.

– Ein viktig start er å bli gjort merksam på korleis dette heng saman. Me treng å bli minna om kor viktig det er at me bryr oss om kvarandre. Ja, sjølvsagt skal me be, men me kan gjera meir. Då handlar det om å våga seg ut i handling, seier Tungesvik.

Temakveldar på bedehuset er eit anna konkret grep for å skapa ein kultur der dette vert snakka om.

– Gjerne eit foredrag om sorgarbeid fyrst, kanskje også eit intervju der nokon deler av sine erfaringar, og så god tid til samtale etterpå om korleis me møter kvarandre.

– Veit du, det skal me sanneleg gjera på vårt eige bedehus denne våren. Korleis møter me kvarandre, der er overskrifta for ein komande temakveld på bedehuset vårt, seier psykiater Hans Olav Tungesvik.