Av Vilhelm Viksøy

Inspirert
Det starta under leiarkonferansen .no for nokre år sidan. – Eg sat og høyrde på Kari Olafsrud som underviste oss om medvandring. Det inspirerte meg, men eg skjønte fort at det ville vera for krevjande å gjera dette i ein-til-ein-relasjon, seier Karen Sofie Aasmyr, ungdomskonsulent i Nordhordland Indremisjon.

– Tida mi strakk ikkje til for å prata med ein og ein, og i tillegg kjende eg ikkje at kompetansen min var heilt rett for ein slik form for rettleiing. Men svaret låg ikkje langt unna.

– Eg kjenner jo alle ungdomsleiarane våre og veit kor dyktige dei er, kvar på sin måte. Men dei kjente ikkje kvarandre. Då tenkte eg, kvifor ikkje la dei hjelpa kvarandre. Karen Sofie drog i gong, kalla saman og vart leiar for 2 grupper med 5-7 deltakarar i kvar. –

Me valde å dela dei inn etter alder, og det var lurt, for dei eldste leiarane hadde heilt andre spørsmål og utfordringar enn dei unge.

Opplegget var enkelt, og effektivt.
– Fyrste samlinga fekk kvar deltakar presentere sitt ungdomslag, og vidare komme med ein utfordring dei stod i. Allereie her var det stor erfaringsutveksling, der dei fekk mange gode tips frå kvarandre, seier Karen Sofie. – I slutten av samlinga vart me så einige om ei ny utfordring me skulle snakka om neste gong.

Temavalgene var mange og strakk seg frå korleis disippelgjere ungdommane til prat om leikar og aktiviteter. Karen Sofie si viktigaste oppgåve var å hjelpa deltakarane til å dela av sine erfaringar. Nokre gonger førebudde hu også undervisning som ein del av opplegget.

– Eg kunne nok gjort det oftare, for det er ikkje alle utfordringar ein leiar sjølv er klar over. Gruppene møttes 2-3 gonger i semester over 2 år. På grunn av permisjonar og andre tidsutfordringar, har dei hatt ein pause. – Men eg trur det uansett er lurt at ei slik gruppe ikkje held fram for alltid.

På eit punkt stoppar antall tema opp, og då kan det vera godt med ein pause. Det er ikkje vits å prata berre for å prata, seier Karen Sofia, som varmt anbefaler andre kretsar å prioritera tid på denne måten.

– Eg måtte spørja: på kva måte brukar eg tida mi som ungdomskonsulent best. Svaret for Karen Sofie var å møta hovudleiarane, ikkje berre lagsmedlemmene. Det var også dette dei lokale leiarane ropa mest etter. – Eg drog framleis på lagsbesøk, men ikkje så ofte som før. Eg brukte meir av tida mi til å følgja opp leiarane og skaffa fritidsforkynnarar til å ta seg av dei lagsbesøka eg ikkje rakk sjølv. Dette var ei svært meiningsfull prioritering for min del, seier Karen Sofie.

3 timar kjøring
Ein av dei som var med i erfaringsgruppene var Henning Sandøy frå Øygarden. Han er vaksenleiar i eit lokallag og hadde stort utbytte av å vera med, til trass for 3 timar kjøring for å rekka fram og tilbake. – Det var inspirerande å møta andre leiarar og oppleva fellesskapet med desse, både menneskeleg og åndeleg. Det var spennande å høyra korleis arbeidet vert drive andre stader og det å kunna læra av kvarandre, seier Henning. Han meiner dette er godt anvendt tid av ungdomsleiaren. – Eg vil ikkje at lagsbesøka skal bli borte, men å prioritera meir av tida på leiarane, er god investering, seier han.