bibelen

Info om Bibeltimeopplegg vinter 2015

Målet med dette bibeltimeopplegget er at borna skal «Bli kjent med Jesus», slik temaformuleringa seier.

Eg har valgt ut tre forskjellige historiar der Jesus møtte menneske.
Gjennom Sakkeus møtte Jesus ein som ikkje var kristen.
Gjennom Tomas møtte Jesus ein som var kristen, men som tvila.
Gjennom borna møtte Jesus dei som har lite kunnskap og som andre kan sjå på som uviktige.
Jesus han bryr seg om alle desse ulike typane menneske, og det er det eg ønsker at vi skal formidle til borna.

Som den siste historia i bibeltimeopplegget har eg valgt «Jesus stiller stormen». Denne historia brukar eg så som eit eksempel på korleis livet er saman med Jesus.
Jesus er alltid med i livet (i båten), men det betyr ikkje at vi slepp unna alle vanskar (alle stormar).

Fokuset denne gongen er altså at borna skal bli kjent med Jesus som person, hans karakter og personlighet.
Fokuset er ikkje så mykje på fakta om Jesus og konkrete hendingar i hans liv, då dette har vore fokus i ein del av dei føregåande bibeltimeopplegga.

Oversikt over samlingar og tema:

1.kveld: Kven bryr Jesus seg om? – Del 1
1.bibeltime: Kven bryr Jesus seg om? – Del 2
2.kveld: Korleis kan vi snakke med Jesus? (Bønn)
2.bibeltime: Korleis er livet med Jesus?
Fam/avslmøte: Oppsummering/presentere evangeliet

Lukke til med bruken av dette bibeltimeopplegget!

Last ned:

Spørsmål og kommentarar til opplegget kan rettast til

Bjarte Vesetvik, Barne og familieleder ImF-Ung
Tlf: 99642469
E-post: bjarte@imf-ung.no

LagreLagre