
– Det blir ofte best når me tør lytta og leva ut det han vil.
Klokka tikkar mot 1930, i dobbel forstand. Utanfor hushjørnet på Leirvik bedehus luskar hauststormen, inne ruslar ei gruppe vaksne ungdommar mellom stolradene. Det er bønnestund for dei som ennå ikkje er komne inn dørene, men som snart skal setja seg ned.
Eller, eigentleg veit dei ikkje om det kjem nokon i det heile tatt for det er fyrste gong det vert invitert til 1930 på Leirvik bedehus.
– Eg kjenner det kitlar godt i magen nå, innrømmer Lars Magne Ådnanes.
For denne kvelden starta mange kveldar tilbake i tid, og den handlar om ein nød og ein draum som er lagt ned djupt der inne. Difor er han spent nå, var det dette noko han sjølv drøymde om eller er det Gud sjølv som ynskjer denne kvelden?
Året er 2010 og Lars Magne flyttar til Sandnes for å studera sjukepleie. I forsamlinga på Fredheim fann han noko han lenge hadde sakna.
– Det var eit så vanvittig godt samhald for dei mellom 19 og 30 år. Dette var noko eg hadde lengta
etter i alle år, seier 27-åringen.
For som han sjølv beskriv det, bedehuset er gode på barne- og ungdomsarbeid. Så vert det eit tomrom før dei same ungdommane i beste fall er tilbake som foreldre 10-15 år seinare.
– Men me i aldersgruppa 19-30 år fell veldig fort igjennom, seier Lars Magne.
I staden for å berre etterlysa og venta på at andre skulle ta tak, vakna det til livet ein draum og ein visjon. Midt under i eksamenslesinga i fjor vår, kom ein veldig nød for å om å reisa heim til Sunnhordland og gjera noko for denne aldersgruppa. Svaret kom då han strauk på eksamen.
– Då var det berre å flytta, ler Lars Magne.
– Eg opplevde at Gud med dette stengde ei dør og samstundes opna han fleire andre. Her var det berre å velja, fortel han.
Valet vart Stord og ei prosentstilling i Indremisjonssamskipnaden, Ims. Der møtte han også andre med same lengten og saman med Linda Aase på IMS-kontoret,i påsken skipa dei til leir.
– Det vart ein suksess, fortel han.
Regelmessige samlinga
Men dette var ikkje nok. Han, og fleire med han, villa ha regelmessige samlingar, ikkje berre ein leir i året. Raskt fekk han og Linda med seg ti andre og planen var klar; å skipa til eit treffpunkt for aldersgruppa 19-30 år, klokka 1930 på Leirvik bedehus med mål om å samla folk i ulike livsfasar frå heile øya og heile Sunnhordland. I fyrste omgang er planen å møtast kvar tredje helg fram til jul, men draumen er oftare enn det.
Og denne kvelden er altså fyrste kvelden.
– Men det vert uansett ikkje siste kvelden, same korleis det går. Kjem det ikkje andre enn me som arrangerer, får me berra laga møte for oss sjølv, då, seier han og ler.
Planen for kvelden er klar. Det vert lovsong og tilbeding, informasjon, andakt og ny lovsongsdel der folk kan bli igjen medan dei som vil, kan rusla vidare til kafeen. Den vert open så lenge praten går og pizzaen held varmen.
– Ja, eg grugleder meg, erkjenner Lars Magne.
– Men eg trur at når Gud legg til rette for noko er det berre for oss å lytta og handla på det. Erfaringa mi er at det vert best då, når me gjer det same som han vil, humrar Lars Magne Ådnanes.
Timane har gått, kvelden er blitt natt og ny dag er runnen. Fasiten fortel at 20 stolar var opptatt denne kvelden.
Smågrupper
– Fyrst var eg litt i tvil for eg hadde kanskje drøymt om endå fleire. Men då eg kjende responsen frå dei 20 som var der, fekk eg roen. Dette er noko for framtida, fortel ein entusiastisk Lars Magne Ådnanes.
For draumen var ikkje berre å samlas til møte, men også å møtas til smågrupper mellom møta.
– Resultatet av kvelden vart to store grupper, ei for damer og ei for menn. Dei skal møtast ein gong i veka i eit mindre fellesskap, så eg har berre ein ting å seia; dette vart veldig bra. Eg gler meg til det som kjem, seier Lars Magne Ådnanes.
FAKTA: 1930
Kva: Fellesskap for ungdom/vaksne i alderen 19-30
Kor: Leirvik bedehus, men målgruppa er heile Sunnhordland.
Status: 20 deltakarar på fyrste møtet
Innmeldt i ImF-ung august 2014